Dikt, Suttung forlag 2008 Henrik Wergeland er kalla «skaperen av norsk barnepoesi», han var den første store lyrikar i norsk litteratur som skreiv for barn. Tekstene hans har levd i lese- og songbøker i generasjonar, og har inspirert talrike komponistar og arrangørar til å svara med tonar.
«Henriks barnesanger» gjer barnedikta tilgjengelege, med oppdatert rettskriving og språkform. Boka har eit rikt utval av melodiar - ofte meir enn ein til same tekst, og fleire melodiar vi ikkje finn i andre sangbøker. Somme av dei er nyskrivne med tanke på denne boka. I tillegg er det med litt bakgrunnsstoff om dikta og pedagogiske tips om formidling.
Innbinding: Stiv perm. Illustrert av: Johanne Louise Pris: 150. Leveringsklar. | |